Tiltak og tenester for barn og unge i kommunen

Helsestasjon

Helsestasjonstenesta i Bømlo er ein del av kommunehelsetenesta, og utfører planmessig helsefremjande og førebyggjande helsearbeid mot barn og ungdom som bur eller oppheld seg i kommunen. Helsestasjonstenesta er eit lovpålagt tilbod til friviljug bruk. I Bømlo kommune er tenesta lokalisert til Bremnes helsestasjon, Moster helsestasjon og Bømlo helsestasjon. Organisatorisk er tenesta knytt til Barne- og familietenesta.

Formål med tenesta
Målsetjinga med helsestasjonen for barn frå 0 til 5 år er å førebyggja medfødte og erverva sjukdomar.

Tenesta gjeld
Helsesøstertenesta er delt opp i helsesøsterdistrikt. Intensjonen er at kvar helsesøster har sitt distrikt – med tilhøyrande barneskule – som ho har hovudansvar for.

Helsestasjonen har i hovudsak desse tilboda:

  • Svangerskapsomsorg ved jordmor
  • Heimebesøk til familiar med nyfødt barn
  • Konsultasjonar på helsestasjonen for barnet, jamnleg til barnet er 15 mnd
  • Tilbod om vaksinasjon
  • Konsultasjon hos helsesøster og lege ved 2-års alder
  • Konsultasjon hos helsesøster og lege ved 4-års alder
  • Konsultasjon hos helsesøster og lege ved 5-års alder (førskuleundersøking)
  • Utleige av brystpumpe, enuresisapparat

På helsestasjonen kan de og få desse tenestane:

  • Søvngrupper
  • NBO (Newborn Behavioral Observation System)
  • Utvida heimebesøk
  • ICDP (International Child Development Program)
  • COS (Circle Of Security Parenting)
  • Barselsgruppe

 

Les meir om tiltak frå Helsestasjon – Barne og familietenesta

 

Bømlo kommune har 3 helsestasjonar:

BREMNES: 53 42 33 30 / 53 42 33 37 – kvar dag

MOSTER: 53 42 33 87 – kvar onsdag

BØMLO: 53 42 33 75 – fredag partalsveker

 

Helsestasjon for ungdom

På Helsestasjon for ungdom møter du helsepersonell som du kan snakka med om emne som opptek deg.
Tilbodet er gratis for ungdom opp til 25 år.
Det vil alltid vera jordmor/helsesøster og lege tilstades, i tillegg til psykolog eller psykisk helsearbeidar.

HUSK: me har teieplikt!

Døme på emne som du kan ta opp:

  • Spørsmål om kroppen
  • Hudproblem
  • Problem på skulen
  • Du kjenner deg trist og einsam
  • Parforhold
  • Seksualitet generelt
  • Homofili
  • Rus og rusmisbruk
  • Røyking
  • Graviditet
  • Menstruasjonen
  • Slanking og etevanskar
  • Psykiske vanskar
  • Vonde opplevingar, til dømes seksuelt misbruk, vald/sjukdom i familien

Helsestasjonen kan m.a. hjelpa deg med:

  • Reseptar og anna behandling for helseproblem
  • Tilvisingar til andre instansar i helsevesenet
  • Prevensjonsrettleiing og prevensjon
  • Testing med tanke på kjønnssjukdomar
  • Graviditetstest

 

Les meir om tiltak frå Helsestasjon – Barne og familietenesta

 

Kontaktinfo

Helsesøster
Kristin Håstø
Telefon: 53 42 42 14
Mobil: 941 66 657
E-post: kha@bomlo.kommune.no

Opningstid

Kvar onsdag mellom 16.00 og 18.00  (NB! Stengt når skulane har fri)

Stad: På helsestasjonen på Svortland

Du treng ikkje tinge time for å nytte helsestasjon for ungdom.

For ungdom under 25 år.

 

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta har som overordna mål å fremja god helse, både fysisk og psykisk, blant barn og ungdom i Bømlo kommune.

Målet når me gjennom helseopplysing, foreldre- og elevrettleiing, helseundersøkingar og vaksinasjonar,i tillegg til å setje i verk tilbod om utvida støtte og hjelp ved behov.

Skulehelsetenesta er ei lovpålagt teneste til alle barn og unge, 5- 20 år, og er ein viktig del av det totale folkehelsearbeidet. Det er eit lågterskeltilbod der det skal være enkelt å få hjelp, og tenesta skal ha eit nært samarbeid med skulen og vere elevane si bedriftshelseteneste. Skulehelsetenesta kan òg bidra i undervising, gje råd til skulen om arbeidsmiljø for elevane, samt leggje forhold til rette for integrering av funksjonshemma elevar.

For elevar med særskilte behov kan skulehelsetenesten delta i tverrfaglege møter mellom til dømes PPT, barnevern, barnehage, skule og foreldre/ føresette for å sikra gode overgangar frå barnehage – skule, barneskule – ungdomsskule, ungdomsskule – vidaregåande skule. Dette for å sikra best moglege læringsforhold.

Barnevaksinasjonsprogrammet  vil bli fylgt opp gjennom grunnskulen. Personalet i skulehelsetenesta har same teieplikt som anna helsepersonell.

Kommuneoverlegen er medisinsk-fagleg rådgjevar for helsetenesta i kommunen, men helsesøster er ansvarleg for den praktiske gjennomføringa.

Dei som ikkje ynskjer å gjere seg nytte av skulehelsetenesta, kan nytta fastlegen sin for konsultasjonar i tråd med Statens helsetilsyn sine tilrådingar for skulehelsetenesta.

Organisatorisk er skulehelsetenesta er ein del av Barne- og familietenesta

Les meir om tiltak frå skulehelsetenesta og Barne- og famlietenesta her

 

Kontaktinformasjon:

Barne- og familietenesta

Rådhuset, Leirdalen 1

5430 Bremnes

Tlf: 53 42 33 30

E-post: postmottak@bomlo.kommune.no

 

Barnevernet

Sunnhordland Interkommunale Barnevern (SIB) er felles barnevernteneste for kommunane Stord, Fitjar og Bømlo.

Barneverntenesta skal bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår, ved å sikra at barn og unge som lev under forhold som kan skada deira helse og utvikling, får naudsynt hjelp og omsorg til rett tid.

Me som jobbar i barneverntenesta er stort sett barnevernspedagogar eller sosionomar.

Når barneverntenesta mottek ei bekymringsmelding, har me frist på ei veke til å konkludere om det vert opna ei undersøking i familien, eller om meldinga vert henlagt. Ei undersøking skal gjennomførast innan 3 månadar. Ved endt undersøking skal barneverntenesta ha konkludert korvidt undersøkinga skal henleggast og kontakten med familien avsluttast, om familien får tilbod om hjelpetiltak eller om det er naudsynt med tvangstiltak som omsorgsovertaking i familien.

Barn skal bu heime så sant det er mogleg. Barneverntenesta legg alltid vekt på å finne årsakane til vanskane og drøfte dei med foreldra og barnet.

Dei aller fleste familiane barneverntenesta er i kontakt med etter endt undersøking, mottek frivillige hjelpetiltak. Hjelpetiltak kan vere foreldrerettleiing, fritidskontakt, besøksheim eller økonomisk hjelp. Formidling av plass i fosterheim og institusjon kan også vere hjelpetiltak.

Barneverntenesta ser på born som aktive deltakarar i eigne liv, og i all kontakt med familiar legg me stor vekt på samtalar med barna for å få fram korleis dei opplev sin eigen situasjon.

Oversikt over tiltak frå barneverntenesta her

Kontaktinfo
Leiar: Jørund Tvedt
E-post:  jorund.Tvedt@stord.kommune.no

Sunnhordland Interkommunale Barnevernteneste
Postboks 326,  5402 Stord

Barnevernet sin mottakstelefon:  975 521 63
Open vekedagar (måndag-fredag) 08.30-14.00

Beredskapsvakt for barnevern: 919 144 30
Beredskapsvakta kan kontaktast ved akutte hendingar,
er open kvardagar 1530-08 og heile døgnet helg- og heilagdagar.

Kontaktperson for BTI-saker
Malene Rosland Eldøy
Fagleiar, Sunnhordland interkommunale barnevernteneste
Mobil: 990 15 407
Direkte: 53 45 44 92
E-post: Malene.Rosland.Eldoy@stord.kommune.no

 

Alarmtelefonen for barn og unge
116 111 (gratis)  Open når barnevernet sin vakttelefon er stengt, dvs. vekedagar 14.00 – 08.00 og 24 timar helger og helgedagar.

 

Familievernkontoret

Familievernet er en spesialtjeneste som gir tilbud om behandling og rådgivning til alle som opplever vansker, konflikter eller kriser i familien. Familievernet tar imot enkeltpersoner, par og familier.

Du er ikke alene om å søke hjelp fra familievernet. Årlig kommer rundt 110 000 personer til familievernet for å få bistand til parforholdet, mekling, foreldresamarbeid eller andre familieproblemer.

Familievernkontoret på Stord kan hjelpe med:

  • Kurs og gruppeveiledning
  • Hjelp til parforholdet og familien
  • Veiledning til foreldre
  • Mekling og foreldresamarbeid

Bestill time: 466 19 160
Andre spørsmål:
Telefon:466 19 160
Telefontider: 08.00 – 15.00
E-post:familievernkontoret.stord@bufetat.no
Åpningstider:08.00 – 15.00

Nettside

 

Krisesenteret

Målgruppa for Krisesenteret er kvinner, menn og barn som er utsette for vald eller truslar i nære relasjonar. Krisesenteret tilbyr ikkje hjelp til valdsutøvaren.

Treng du ein stad å bu i ein akuttsituasjon eller nokon å snakke med, nokon du kan stole på? Du kan ta direkte kontakt med eit krisesenter, og alle dei tilsette har teieplikt. Vi kan blant anna tilby deg:

  • Eit menneske som lyttar til det du vil fortelje
  • Informasjon om rettar, råd og rettleiing på telefon eller ved oppmøte
  • Eit mellombels tilbod om ein stad å bu for deg og barna dine.
  • Hjelp til å få kontakt med lege, advokat, politi, sosialkontor eller andre hjelpeinstansar

Butilbodet til kvinner og butilbodet til menn skal vere fysisk skilde

Vald, mishandling og overgrep er eit stort samfunnsmessig problem, med alvorlege konsekvensar for dei som blir råka.

Krisesenter er ei lovpålagt teneste.

Krisesenteret vil, i samarbeid med deg, vurdere kva som skal til for at du skal være trygg på senteret. Dersom krisesenteret ikkje kan beskytte deg godt nok, skal kommunen og politiet saman finne ein stad å bu for deg.

http://www.hvorlite.no/ er ei heimeside laga av politiet om vald i nære relasjonar og gjer deg informasjon om kor lite du skal finne deg i.

Kontakt:

Stord

Døgnåpen telefon: 53 41 12 12
E-post: post@krisesenteretstord.no
Postadresse: Krisesenter vest IKS
P.b. 126, 5401 Stord

 

Nettstad

 

PPT

Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) er ei kommunal rådgivande teneste. PPT skal hjelpe barn, ungdom og vaksne som strever i utviklinga, eller som har ein vanskelig opplæringssituasjon.

Den skal gje skular råd og rettleiing for å tilrettelegge for barn og unge som treng det, og bistå skular for å leggje opplæringa betre til rette for elevar med særskilde behov. PPT bistår også vaksne med behov for grunnskoleopplæring.

Gjennom heilskapleg tenking og samarbeid ynskjer PPT å bidra til at brukarane meistar eigne liv. For å nå dette må vi vere løysingsorienterte med fokus på meistring og utvikling i møte med både brukarar og samarbeidspartnarar. Vi må også arbeide for at ressursar (menneskelege og økonomiske) blir brukt på den arena der behovet er størst og innsatsen gir mest effekt.

Våre ansvarlege innanfor system barnehage og skule har jamleg kontakt med barnehagar og skular og vil kunna gje tilsette råd og rettleiing når det gjeld det spesialpedagogiske arbeidet. Ta gjerne kontakt med oss direkte om du har spørsmål.

For diverse skjema til bruk i kontakt med PPT for barnehage/skule/føresette trykk her

 

Les meir om tiltak frå PPT – Barne og familietenesta

Sosiale tenester for barn og unge

Sosiale tenester for barn og unge er i Bømlo kommune organisert under Barne og familietenesta. Tenesta er lokalisert i Bømlo hallen 2 høgda.

Sosiale tenester omfatter:

  • Støttekontakt
  • Privat avlastning
  • Avlastning i bolig
  • Individuell plan
  • Koordinator
  • Omsorgsløn
  • Følgjeprov
  • Brukerstyrt personleg assistanse
  • Råd og rettleiing

Alle søknadar om helse- og omsorgstenester for brukarar under 18 år skal no sendast til Barne og familietenesta der ein vil vurdera og avgjere søknadane

For meir informasjon om sosiale tenester for barn og unge kontakt:

Gro Marita V Tulloch
Telefon: 53 42 32 11
E-post: gro.marita.vage@bomlo.kommune.no

Tina Olsen
Telefon: 53 42 32 11
E-post: tina.olsen@bomlo.kommune.no

 

Førebyggjande tiltak barn og unge

Tiltaksteamet til Barne og Familietenesta er eit tverrfagleg team som gjennom målretta tiltak og tverrfagleg samhandling har som målsetjing å hjelpe born, unge, familiane deira, barnehagar og skular som står ovanfor ulike utfordringar. Tiltaksteamet har og som målsetjing å byggje vidare på, og bidra til å vidareutvikle det tverrfaglege samarbeidet mellom dei ulike etatane i Bømlo Kommune, og 2. linje tenestene (dei tenestene ein treng tilvising til).

Tiltak

  • TIBIR – Tidleg innsats barn i risiko for å utvikle samspelsvanskar (Konsultasjon til skule og barnehage – Foreldrerådgjeving – PMTO behandling)
  • MARTE MEO
  • COS-P – Circle Of Security Parenting
  • LOS – Oppfølging av barn/unge med skulevegring
  • PIS – Program for skilsmissegrupper i skulen
  • HAP – Hasjavvenningsprogram
  • Foreldregruppe – for foreldre med barn med varig helseutfordning
  • Kurs for foreldre med engstelege barn
  • Søvngruppe – Gruppetilbod til foreldre med born som strevar med søvn

Rask vurdering og hjelp
Når ein vender seg til tiltaksteamet skal ein etter kort tid bli kontakta for ytterlegare kartlegging av saka, anten gjennom telefonsamtale eller ved at koordinator avtaler eit møte. Du blir invitert til ein samtale med to i frå teamet.

Saka vert drøfta på fagmøte, som er kvar tysdag 08:30-11:30

Ein kan og ta direkte kontakt med tilsette i laget for rettleiing og fagleg drøfting.

Les meir om tiltak frå Tiltaksteam – Barne og familietenesta

 

 

Politiet

Råd og forebygging
Det å være oppmerksom og å ta noen forholdsregler kan ofte være med på å avdekke eller hindre kriminelle handlinger. Politiet gir deg råd om hva du kan gjøre.

Dersom det er noko ein er uroa for når det gjeld barn og ungdom, kan ein kontakte  politiet på Stord. Der har ein ei førebyggjande eining i tillegg så har ein politikontakt som er knytt opp mot vår kommune. Det er mogleg å snakke med desse om ein har nokon spørsmål.

Kontakt då:

Stord Lensmannskontor
Telefon: 53 40 28 00
Adresse: Vabakkjen 7, 5411 Stord

Politikontakt
Nils Hopland Blikra
E-post: nils.blikra@politiet.no

 

BUP i Sunnhordland

BUP står for barne og ungdomspsykiatri. Dei gjev eit spesialisert tilbod innan psykiatri til barn og unge (opp til 18 år) og deira pårørande.

Dei har tilbod innan utgreiing og behandling av angst, åtferdsvanskar, utviklingsforstyrring og AD/HD.

Vidare innan depresjon, tvangslidingar, alvorlege belastningar/traumer, autisme, sjølvmordsfare, psykose, spiseforstyrringar og skulevegring.

For meir informasjon om samhandlingsforløpet for barn og unge med psykiske lidingar trykk her

 

SLT-koordinator

SLT er ein Samordningsmodell for Lokale, førebyggande Tiltak mot rus og kriminalitet. SLT sikrar at dei ressursane som allereie finns hos kommunen og politiet, blir meir samkøyrd og målretta.

  • Kva er dei største utfordringane for unge menneskjer i din kommune?
  • Kven av dei er spesielt utsatt for å ende i enda større vanskar?
  • Korleis kan desse få best mogleg hjelp til å meistre livet sitt og unngå rus og kriminalitet?

SLT-koordinatoren sørger for at kommunens førebyggande ressursar blir samordna mest mogleg effektivt.

SLT-koordinator kan kontaktes dersom de lurer på spørsmål som har med rus, kriminalitet, nettmobbing o.l.

SLT/MOT-koordinator:
Stian Olderkjær
Bømlo kommune
5430 Bremnes
Telefon: 909 51 516
Epost: slt@bomlo.kommune.no

 

Legetenester

Fastlegeordninga gjev alle innbyggjarane i Norge rett til å ha ein almennlege som sin fastlege. Fastlegeordninga er friviljug. Dei som ikkje ønskjer å vere del av fastlegeordninga, må sjølv finna ein allmennlege å gå til.

Fastlegene har avtale med kommunen om å gje innbyggjarane almennlegetenester, både når det gjeld somatiske og psykiske problem. Det er fastlege som skal kontaktast ved akutte tilstander som oppstår på dagtid. Dette fordi det faste lege kjenner deg og dine helseproblem best, og behandar difor også dei vanlege akutte problema best. Alle legekontora i kommunen har plikt til å setje av rimeleg tid til akutte tilfelle.

Fastlegen er ein allmennlege som har inngått avtale med kommunen om deltaking i fastlegeordninga. Alle har rett til å vere knytt til ein fast, namngitt allmennpraktiserande lege. Fastlege skal vera tilgjeneleg for sine pasientar og skal prioritere desse føre personar som ikkej står på legen si liste. Du kan sjølv velgje kva for lege du vil ha som fastlege, men lege må ha ledig kapasitet og vere med i fastlegeordninga. Du kan velje ein fastlege i ein annan kommunen enn den du bur i.

Legekontor i Bømlo

Det er fire legekontor i Bømlo kommune. På Svortland ligg Bremnes legesenter  og Kystlegane. Moster legekontor og Bømlo legekontor på Langevåg. For å finne ditt lokale legekontor trykk her

 

Rus og psykisk helse

Rus og psykisk helseteneste gjev tilbod til vaksne over 18 år. Barne- og famlietenesta gjev tilbod til dei under 18 år.

Tenesta gjev tilbod til menneske mes psykiske vanskar, menneske i livskrise og pårørande til personar med psykiske vanskar. Me gjev og tilbod omheimebesøk. Samarbeid med andre tenestaer kan vera naudsynt for å gje best mogleg hjelp.

Rus og psykisk helseteneste er lokalisert til Bøtun 10.

Me gir desse tenestene;

  • Individuelle tenester
  • Aktivitetstilbod
  • Meistringskurs og grupper

Individuelle tenester

  • Oppfølging/behandling
  • Miljøteneste innan rus og psykisk helse

Aktivitetstilbod

  • Basen
  • Nyving

Meistringskurs og grupper

  • KID
  • Grupper

Søknad om tenester skal sendast Tenestekontoret, men ta gjerne kontakt med oss på Psykisk helse dersom du har spørsmål.

Smiso-Hordaland er ein del av Bømlo kommune sitt tilbod tilpersonar utsett for seksuelle overgrep og til pårørande.

 

Nettstad

 

Ergo- og fysioterapitenesta

Ergo-og fysioterapitenesta gir tilbod til barn og unge med nedsett funksjonsevne, motoriske vanskar og vanskar med aktivitetar i dagleg livet (ADL). Fysio- og ergoterapeutar har kompetanse til å vurdere funksjonsproblem og bidra til tiltak som kan styrke barnets funksjonsevne og deltaking. Tiltaka vert gjevne på bakgrunn av undersøkelse og observasjon/kartlegging. Kartlegginga kan føregå både her hos oss eller i barnets vante omgjevnadar. Ofte er det ein kombinasjon av desse to.  Ut ifrå kva me har observert, finn me tiltak som kan bidra til å fremme meistring, deltaking og sjølvstende hos barnet. Dette blir gjort gjerne i form av leik, målretta tilpassa aktivitetar eller trening. Foreldre og samarbeidspartnarar vert inkludert i prosessen ved vegleiing.

Me kan fremme auka deltaking ved å tilrettelegge i t.d. heim og barnehage. Me kan vurdere om det er hjelpemidlar som kan vere hensiktsmessige for barnet og søke om dette. Me samarbeidar tett med andre faggrupper i kommunen, til dømes helsesøstre, PPT, barnehagar og skular.

Me kan delta i ansvarsgrupper, på samarbeidsmøte og vere deltakarar i individuell plan. Foreldre kan ta direkte kontakt med oss, eller så kan lege, barnehage, skule, helsesøster osb. henvise til oss, etter samtykke fra foreldra.

Kontaktpersonar:

Kathrine Tislevoll Nygård

Tlf: 53 42 33 42  mobil 900 83 537 (Verksemdleiar)

Kathrine Hopen

Tlf: 53 42 33 31

Britt Mari Farestveit

Tlf: 53 42 33 47 mobil 908 22 991

 

Adresse:

Ergo- og fysioterapitenesta

Leirdalen 25

5430 Bremnes