Informasjonsside om BTI: https://www.forebygging.no/BTI/
Betre Tverrfaglig Innsats, BTI-modellen, er ein samhandlingsmodell som beskriv den samanhengande innsatsen i og mellom tenester retta mot gravide, barn, unge og familiar som det er knytt ei bekymring til. BTI-modellen skal bidra til tidleg innsats, samordna tenester og foreldreinvolvering.
Tidleg innsats handlar om å førebyggja meir og å avdekka vanskar tidlegare, hos både barn, unge og familiar som me kjenner ei uro for. Tidleg innsats kan både handle om å oppdaga vanskar i tidleg alder, og å oppdage vanskar tidleg i ei risikoutvikling. Det kan vera forhold i heimen, eigenskapar ved barnet/ungdommen/familien, eller miljøet i barnehagen/skulen eller på fritida som skaper utfordringar. Heimen, helsestasjonen, barnehagen og skulen har derfor ei sentral rolle både i å oppdaga vanskar og å følgja dei opp. Hjelpetiltaka som vert sette i verk har fokus på å styrka beskyttande faktorar og redusera risikofaktorar rundt barnet/ungdommen/familien.
Samordna tenester handlar om å betra samarbeidet og ikkje minst framdrifta når kommunale basistenester (f.eks. helsestasjon, skule, barnehage) og hjelpetenester (f.eks. helseteneste, PPT, barnevern, tenester for ungdom, SLT-koordinator) i fellesskap skal hjelpa barn/ungdom/familiar gjennom vanskar. Med ein klar struktur bidrar BTI-modellen til styrkt samhandling mellom tenester, slik at dei jobbar målretta, effektivt og heilskapleg – og utan at det oppstår avbrot i oppfølginga.
Foreldreinvolvering handlar om at BTI-modellen er basert på at foreldre/føresette i utgangspunktet alltid skal vera ein del av løysinga på eit problem. Det blir derfor lagt stor vekt på at dei kommunale verksemdene/tenestene skal samhandla med foreldra gjennom hjelpeprosessen, og at foreldra skal involverast på eit tidleg tidspunkt etter at uroa for barnet/ungdomen har oppstått. Foreldreinvolvering inneber også at foreldre på eige initiativ kan involvera kommunale verksemder/tenester dersom dei er bekymra for eigne eller andre sine barn. Involveringa av foreldre har både ei etisk og fagleg grunngjeving. Den etiske dreier seg om å respektera det overordna ansvaret foreldra eller andre føresette har for eigne barn. Det faglege dreier seg om at foreldra ofte er ein avgjerande aktør, og heimen ein viktig arena, i det førebyggjande arbeidet med barn og unge. I kommunikasjonen mellom kommunal teneste(er) og familien, vert Elevate brukt som eit viktig samhandlingsverktøy.
Retten til eit trygt og godt skulemiljø (Opplæringslova kap. 12) I arbeid med saker knytt til retten til eit trygt og godt skulemiljø er det ifølgje opplæringslova skulen som har ansvaret for aktiviteten og handlingsplanen som skal utarbeidast til hjelp for barnet/ungdommen. Hjelpetenestene vil vera eit supplement til skulen sitt arbeid, men kan ikkje overta ansvaret som skulen har.
BTI består av ein grunnmodell med tilhøyrande handlingsrettleiar, verktøy og kompetansen til dei tilsette.
Grunnmodellen i BTI beskriv korleis samhandlinga kan leggjast til rette på fire forskjellege nivå, avhengig av omfanget på vanskane som skal løysast og talet på aktørar som skal involverast:
Nivå 0: Her avklarar me om det er grunnlag for bekymringa
Nivå 1: Beskriv tiltak innanfor kvar enkelt teneste
Nivå 2: Beskriv eit enkelt tverrfagleg samarbeid, helst mellom to tenester
Nivå 3: Beskriv eit meir omfattande tverrfagleg samarbeid mellom fleire tenester Nivåa og tenestene i grunnmodellen vert bundne saman gjennom ein samarbeidsstruktur som er basert på at ein oppfølgingsansvarleg har ansvar for å koordinera den tverrfaglege samhandlinga og dokumentera arbeidet i Elevate.
Handlingsrettleiaren (BTI-rettleiaren) er sjølve oppskrifta på korleis me skal gå fram i konkrete tilfelle der me er bekymra for barn/ungdom/familiar. Rettleiaren skildrar strukturane og prosessane me skal nytta oss av i arbeidet med barn og unge, både innanfor kvar enkelt teneste og mellom tenestene.
Verktøya er dei konkrete hjelpemidlane me kan og bør nytta i det daglege arbeidet med BTI-saker. Verktøya inkluderer spesifikke metodar eller rutinar som støttar handlingane i BTI-prosessen, heilt frå fasen der me oppdagar og vurderer ei uro og vidare gjennom fasane med å avgjera, setja i verk og evaluera hjelpetiltak. Me snakkar her om alt frå konkrete tips og råd til korleis me samtalar med barn og unge til mal for korleis me kallar inn og gjennomfører møte.
Kompetanse – Ein føresetnad for at me kan bruka BTI-modellen, er at medarbeidarane i kommunen har kompetanse. Me snakkar då om to typar kompetanse: Kompetanse til å forstå og bruka samarbeidsstrukturane i BTI-modellen. Kompetanse til å utføra oppgåvene som ligg innanfor dei ulike prosessane i modellen. Dette inneber at me må ha evner til å oppdaga barn/unge/familiar som gir oss ei bekymring, til å samtale med barn/unge og føresette, og me må vera i stand til å gjera oss nytte av hjelpetiltak og andre hjelpetenester der dette er nødvendig.
Bømlo kommune har no teke i bruk Elevate som verktøy i oppfølginga av barn og unge. Elevate erstattar Stafettloggen, som kommunen har brukt fram til no. Bømlo kommune har teke i bruk den nye løysinga fordi leverandøren Conexus har erstatta Stafettloggen med Elevate.
Elevate gir barnehagar, skular og hjelpetenester ei felles løysing for å følgje opp barn og unge på ein trygg, effektiv og systematisk måte. Meir informasjon om Elevate finn du her: Elevate – Tiltak og tverrfaglig oppfølging av barn og unge.
Dersom eit barn treng oppfølging, vil Elevate bli brukt til dokumentasjon og kommunikasjon i oppfølgingsarbeidet. I Elevate vil det vere ei samla oversikt over kva som er gjort, kva som fungerer og kva som eventuelt bør følgjast opp vidare på éin stad, slik at alle som samarbeider i oppfølginga av barnet arbeider ut frå det same, oppdaterte biletet.
Kva er nytt samanlikna med Stafettloggen
Elevate har integrasjon opp mot Bømlo kommune sitt skuleadministrative system, Vigilo. Dette inneber at alle barn og foreldre i skulealder automatisk vert lagt inn i Elevate. Då vil den enkelte kontaktlærar få opp oversikt over elevar som han/ho har kontaktlæraransvar for. For barnehagane er det no ikkje ein slik integrasjon.
Kva betyr dette for tilsette i oppfølginga av barn og unge?
I Bømlo kommune vert det jobba etter samhandlingsmodellen BTI (Betre tverrfagleg innsats). BTI-modellen er ein samhandlingsmodell som beskriv den samanhengande innsatsen i og mellom tenester retta mot gravide, barn, unge og familiar som det er knytt ei bekymring til. BTI-modellen skal bidra til tidleg innsats, samordna tenester og foreldreinvolvering. De finn meir informasjon på denne nettsida: Bømlo BTI – Betre tverrfagleg innsats for barn og unge i Bømlo kommune.
Handlingsrettleiaren (BTI-rettleiaren) er sjølve oppskrifta på korleis tilsette skal gå fram i konkrete tilfelle der ein er bekymra for barn/ungdom/familiar. Rettleiaren skildrar strukturane og prosessane ein nyttar i arbeidet med barn og unge, både innanfor kvar enkelt teneste og mellom tenestene.
Elevate vert brukt som verktøy for kommunikasjon og dokumentasjon i oppfølginga av barn og unge i Bømlo kommune. I Elevate vil tilsette få opp oversikt over barn som ein har oppfølgingsansvar for. Til dømes vil ein kontaktlærar få opp oversikt over elevar som vedkomande er kontaktlærar for og ein pedagog vil ha tilgang til å fylgje opp barn på si avdeling. Elevate kan brukast i det systematiske arbeidet på alle nivå i BTI-modellen.
Kva betyr dette for føresette?
I Bømlo kommune vert det jobba etter samhandlingsmodellen BTI (Betre tverrfagleg innsats). BTI-modellen er ein samhandlingsmodell som beskriv den samanhengande innsatsen i og mellom tenester retta mot gravide, barn, unge og familiar som det er knytt ei bekymring til. BTI-modellen skal bidra til tidleg innsats, samordna tenester og foreldreinvolvering. De finn meir informasjon på denne nettsida: Bømlo BTI – Betre tverrfagleg innsats for barn og unge i Bømlo kommune.
Dersom eit barn treng oppfølging, vil Elevate bli brukt til dokumentasjon og kommunikasjon i oppfølgingsarbeidet. I Elevate vil det vere ei samla oversikt over kva som er gjort, kva som fungerer og kva som eventuelt bør følgjast opp vidare på éin stad, slik at alle som samarbeider i oppfølginga av barnet arbeider ut frå det same, oppdaterte biletet. Målet er enkelt: ingen barn og unge skal falle utanfor.
Kva tyder dette i praksis for deg som føresett?
• Dersom barnet dykkar ikkje treng oppfølging, vil de normalt ikkje merke noko til Elevate.
• Dersom barnet treng oppfølging, blir de involverte og får innsyn i det som blir registrert.
• De kan bli inviterte til møte i Elevate. Samtykke til å dele informasjon mellom til dømes skule, PPT og helsetenesta blir henta inn digitalt.
• Etter avtale kan de få ansvar for tiltak som gjeld barnet.
• Barn under 16 år har ikkje eigen tilgang til løysinga.
Personvern og tryggleik
Berre tilsette med tenestleg behov har tilgang til opplysningar i Elevate. Informasjonen følgjer barnet på ein trygg måte gjennom heile barnehage- og skuleløpet, slik at viktig historikk ikkje går tapt dersom barnet byter kontaktlærar, avdeling eller skule.
Vil du sjå korleis det ser ut?
Det er laga ein kort opplæringspresentasjon som viser korleis Elevate ser ut og fungerer for føresette. Det tek berre nokre minutt å gå gjennom han: Opplæringsløype for føresette
