Når barn og unge treng hjelp
Det skal vera trygt og godt å veksa opp i vår kommune. Av og til oppstår likevel utfordringar som gjer at ikkje alle har det så bra. I Bømlo følgjer me BTI-modellen for å sikra at barn og unge får den hjelpa dei treng.
Er du bekymra for eit barn eller ein ungdom? Anten uroa er sterk eller svak – gjer noko med det!
Korleis gå fram med ei bekymring for eit barn eller ein ungdom?
I vår kommune tek me alle bekymringar, små og store, som gjeld barn og unge like alvorleg. Om det er eit barn i familien din, venekretsen eller i nabolaget er det godt å ha ein vaksen som ser situasjonen til barnet og bidreg til at barnet får den oppfølginga det skal ha. Du kan melde di bekymring til alle i kommunen som arbeider med barn. Det kan vere lærar/rektor, tilsett i privat barnehage, helsesjukepleiar, SLT-koordinator eller hendvend deg til kundetorget for ein kontaktperson over telefon. Les meir om Uro for barn og unge.
I kommunen jobbar me saman med barnet og familien for å sikra at grunnlaget for bekymringa vert handtert gjennom BTI – Betre Tverrfagleg Innsats som sikrar oppfølging og løysing.