-

Om BTI

Betre Tverrfaglig Innsats, BTI-modellen, er ein samhandlingsmodell som beskriv den samanhengande innsatsen i og mellom tenester retta mot gravide, barn, unge og familiar som det er knytt ei bekymring til. BTI-modellen skal bidra til tidleg innsats, samordna tenester og foreldreinvolvering.

Tidleg innsats handlar om å førebyggja meir og å avdekka vanskar tidlegare, hos både barn, unge og familiar som me kjenner ei uro for. Tidleg innsats kan både handle om å oppdaga vanskar i tidleg alder, og å oppdage vanskar tidleg i ei risikoutvikling. Det kan vera forhold i heimen, eigenskapar ved barnet/ungdommen/familien, eller miljøet i barnehagen/skulen eller på fritida som skaper utfordringar. Heimen, helsestasjonen, barnehagen og skulen har derfor ei sentral rolle både i å oppdaga vanskar og å følgja dei opp. Hjelpetiltaka som vert sette i verk har fokus på å styrka beskyttande faktorar og redusera risikofaktorar rundt barnet/ungdommen/familien.

Samordna tenester handlar om å betra samarbeidet og ikkje minst framdrifta når kommunale basistenester (f.eks. helsestasjon, skule, barnehage) og hjelpetenester (f.eks. helseteneste, PPT, barnevern, tenester for ungdom, SLT-koordinator) i fellesskap skal hjelpa barn/ungdom/familiar gjennom vanskar. Med ein klar struktur bidrar BTI-modellen til styrkt samhandling mellom tenester, slik at dei jobbar målretta, effektivt og heilskapleg – og utan at det oppstår avbrot i oppfølginga.

Foreldreinvolvering handlar om at BTI-modellen er basert på at foreldre/føresette i utgangspunktet alltid skal vera ein del av løysinga på eit problem. Det blir derfor lagt stor vekt på at dei kommunale verksemdene/tenestene skal samhandla med foreldra gjennom hjelpeprosessen, og at foreldra skal involverast på eit tidleg tidspunkt etter at uroa for barnet/ungdomen har oppstått. Foreldreinvolvering inneber også at foreldre på eige initiativ kan involvera kommunale verksemder/tenester dersom dei er bekymra for eigne eller andre sine barn. Involveringa av foreldre har både ei etisk og fagleg grunngjeving. Den etiske dreier seg om å respektera det overordna ansvaret foreldra eller andre føresette har for eigne barn. Det faglege dreier seg om at foreldra ofte er ein avgjerande aktør, og heimen ein viktig arena, i det førebyggjande arbeidet med barn og unge. I kommunikasjonen mellom kommunal teneste(er) og familien, vert ein elektronisk stafettlogg brukt som eit viktig samhandlingsverktøy.

Vanskar knytte til fysisk og psykisk skulemiljø (§ 9A-saker) I arbeid med 9A-saker er det ifølgje opplæringslova skulen som har ansvaret for aktiviteten og handlingsplanen som skal utarbeidast til hjelp for barnet/ungdommen. Hjelpetenestene vil vera eit supplement til skulen sitt arbeid, men kan ikkje overta ansvaret som skulen har.

BTI består av ein grunnmodell med tilhøyrande handlingsrettleiar, verktøy og kompetansen til dei tilsette.

Grunnmodellen i BTI beskriv korleis samhandlinga kan leggjast til rette på fire forskjellege nivå, avhengig av omfanget på vanskane som skal løysast og talet på aktørar som skal involverast:

Nivå 0: Her avklarar me om det er grunnlag for bekymringa

Nivå 1: Beskriv tiltak innanfor kvar enkelt teneste

Nivå 2: Beskriv eit enkelt tverrfagleg samarbeid, helst mellom to tenester

Nivå 3: Beskriv eit meir omfattande tverrfagleg samarbeid mellom fleire tenester Nivåa og tenestene i grunnmodellen vert bundne saman gjennom ein samarbeidsstruktur som er basert på at ein aktør, stafetthaldaren, har ansvar for å koordinera den tverrfaglege samhandlinga og dokumentera arbeidet i ein elektronisk stafettlogg.

Handlingsrettleiaren (BTI-rettleiaren) er sjølve oppskrifta på korleis me skal gå fram i konkrete tilfelle der me er bekymra for barn/ungdom/familiar. Rettleiaren skildrar strukturane og prosessane me skal nytta oss av i arbeidet med barn og unge, både innanfor kvar enkelt teneste og mellom tenestene.

Verktøya er dei konkrete hjelpemidlane me kan og bør nytta i det daglege arbeidet med BTI-saker. Verktøya inkluderer spesifikke metodar eller rutinar som støttar handlingane i BTI-prosessen, heilt frå fasen der me oppdagar og vurderer ei uro og vidare gjennom fasane med å avgjera, setja i verk og evaluera hjelpetiltak. Me snakkar her om alt frå konkrete tips og råd til korleis me samtalar med barn og unge til mal for korleis me kallar inn og gjennomfører møte.

Kompetanse – Ein føresetnad for at me kan bruka BTI-modellen, er at medarbeidarane i kommunen har kompetanse. Me snakkar då om to typar kompetanse: Kompetanse til å forstå og bruka samarbeidsstrukturane i BTI-modellen. Kompetanse til å utføra oppgåvene som ligg innanfor dei ulike prosessane i modellen. Dette inneber at me må ha evner til å oppdaga barn/unge/familiar som gir oss ei bekymring, til å samtale med barn/unge og føresette, og me må vera i stand til å gjera oss nytte av hjelpetiltak og andre hjelpetenester der dette er nødvendig.

Stafettloggen – for dokumentasjon, samarbeid og gode overgangar

Stafettloggen er ei elektronisk loggbok for ditt barn/ungdom, der informasjon om alle hjelpetiltak som er sette i verk og involverte personar er samla på ein stad.

Loggen gjev ei oversikt over:

  • Alle avtalar som er inngått
  • Kva offentlege tenester som er involvert i hjelpetiltaka, og kva oppgåve dei har
  • Kva fagpersonar som er involverte i hjelpetiltaka og kva oppgåve dei har

Ved å gjera oppdatert informasjon lett tilgjengeleg, skal stafettloggen bidra til å gjera overgangar mellom ulike nivå i tiltaksarbeidet lettare for alle involverte.

Datatryggleik: Stafettloggen er godkjent av Datatilsynet for lagring av personsensitive opplysningar.

Dersom barnet/ungdommen har rett på individuell plan etter helse- og omsorgstenestelova § 7-1, skal loggen avsluttast og, om brukar ynskjer det, oppnevnast ein koordinator som overtek arbeidet.

 

Generell informasjon

Ein stafettlogg vert starta når kommunen og dei føresette er blitt samde om å setja i verk hjelpetiltak for eit barn eller ein ungdom.

Foreldre/føresette må alltid godkjenna at det vert oppretta ein stafettlogg for eit barn eller ein ungdom. Som forelder/føresett får ein tilgang til å lese i den elektroniske loggen og kan dermed til ei kvar tid halde seg oppdatert på kva denne innheld av informasjon. Det er berre føresette, og offentlege tenester som dei føresette gjev samtykke til innsyn, som kan få lesetilgang til stafettloggen.

Hjelpetiltaka som vert skildra i loggen vil vera knytte til utviklingsområde der barnet/ungdommen kan ha nytte av ekstra støtte i ein kortare eller lengre periode.

 

Når vert ein logg avslutta?

Som foreldre/føresette har de til ei kvar tid rett til å krevja at loggen vert avslutta. Stafettloggen vert avslutta når føresette og samarbeidspartane er samde om at hjelpetiltaka har gitt ønska effekt og barnet er lytta til.

Ein avslutta logg vert lukka og arkivert i tråd med rutine for arkivering, sletting og overføring av stafettloggar. Om det på eit seinare tidspunkt er behov for nye hjelpetiltak må foreldre/føresette samtykke til oppretting av ny logg.