Mange av oss, anten me er foreldre, naboar, vener eller kanskje me jobbar med barn og unge, kjem i løpet av livet opp i situasjonar der me ser eller høyrer noko som får oss til å kjenna ei uro for eit barn eller ein ungdom i nærmiljøet.
Uroa kan vere knytt til forhold hos barnet sjølv, i familien, i barnehagen, skulen, nærmiljøet eller blant jamaldringar.
Dersom du kjenner uro for eit barn eller ein ungdom er det viktig å ta uroa på alvor.
Tilsette skal fylgje handlingsrettleiaren ved uro for barn og unge. For å identifisere barn og unge som er i en risikosituasjon, er det viktig at tilsette har kunnskap om normalutvikling, beskyttelses- og risikofaktorar. Det inneber også kunnskap om teikn og signal som indikerer at barn har det vanskeleg eller er i risiko. Dette er skildra i nasjonal fagleg retningsline: Tidlig oppdagelse av utsatte barn og unge – Helsedirektoratet.
Foreldre og nære pårørande kan ta kontakt med barnehage, skule, helsestasjon eller skulehelsetenesta. Ein kan også ta kontakt med barneverntenesta for råd og rettleiing.
Personar i nærmiljøet kan ta kontakt med foreldra til barnet dersom det er naturleg eller ta kontakt med barnevernet om uroa er stor. Ein kan også drøfte saker med barnevernet anonymt.
Dersom det er mistanke om vald eller overgrep skal ein kontakte barneverntenesta direkte.
Gode hjelpemiddel
BTI-rettleiaren inneheld både ei oppskrift på korleis me skal gå fram for å avklara om det er grunnlag for uroa me kjenner, samt ei rekke konkrete verktøy. Både framgangsmåten og dei tilhøyrande verktøya er primært tiltenkt bruk i kommunale tenester, men også privatpersonar kan ha nytte av dei. Til dømes kan Observasjonsskjema for barn og unge , Signal på manglande trivsel , Skala for uro: barn og unge og Skala for uro: foreldre hjelpa deg med å setja ord på og definera uroa du opplever.
Familielivet består av store og små hendingar som kan gjera barn til pårørande på ulike måtar. Somme barn opplever at det skjer noko akutt med mamma, pappa eller søsken – ein eller fleire gonger i løpet av oppveksten. For andre er det å vera pårørande ein del av kvardagen.
Det er vanlegast å tenka på barn som pårørande når foreldre eller søsken er sjuke, som følgje av psykisk sjukdom, fysisk sjukdom eller ein skade. Men, det finst også mange andre årsaker til at barn opplever at kvardagen vert vanskeleg og at dei kan kallast pårørande. Det er til dømes mange barn i Noreg som opplever at foreldre misbruker alkohol eller andre rusmiddel. Barn er også pårørande når nokon av dei nærmaste dør. Andre barn opplever belastningar i kvardagen ved samlivsbrot, eller når foreldra er fattige. Fleire barn enn me trur opplever også å vera vitne til vald i familien. Somme har også en forelder som sit i fengsel.
Les meir om barn som pårørande på:
https://helsenorge.no/psykisk-helse/barn-og-unges-psykiske-helse/nar-barn-blir-parorende
Saman med lokalt politi har kommunen utarbeidd ein rettleiar som gir kunnskap om korleis ein kan førebyggje, oppdage, møte og følgje opp valdeleg ekstremisme. Den er særleg tiltenkt tilsette i offentlege tenester, private og offentlege arbeidsgjevarar og leiarar i frivillige lag og organisasjonar, men er også relevant for innbyggjarane elles.
Målet med rettleiaren er at den skal fungere som eit oppslagsverk der ein kan finne informasjon om omgrep, handlingsplanar, litteratur, kontaktpersonar og lenkjer til relevante nettstader.
