Introduksjonstekst.
Helsestasjonstenesta i Bømlo er ein del av kommunehelsetenesta, og utfører planmessig helsefremjande og førebyggjande helsearbeid mot barn og ungdom som bur eller oppheld seg i kommunen. Helsestasjonstenesta er eit lovpålagt tilbod til friviljug bruk. I Bømlo kommune er tenesta lokalisert til Bremnes helsestasjon, Moster helsestasjon og Bømlo helsestasjon. Organisatorisk er tenesta knytt til Barne- og familietenesta.
Formål med tenesta
Målsetjinga med helsestasjonen for barn frå 0 til 5 år er å førebyggja medfødte og erverva sjukdomar.
Tenesta gjeld
Helsesjukepleiertenesta er delt opp i helsesjukepleiardistrikt. Intensjonen er at kvar helsesjukepleiar har sitt distrikt – med tilhøyrande barneskule – som ho har hovudansvar for.
Helsestasjonen har i hovudsak desse tilboda:
- Svangerskapsomsorg ved jordmor
- Heimebesøk til familiar med nyfødt barn
- Konsultasjonar på helsestasjonen for barnet, jamnleg til barnet er 15 mnd
- Tilbod om vaksinasjon
- Konsultasjon hos helsesjukepleiar og lege ved 2-års alder
- Konsultasjon hos helsesjukepleiar og lege ved 4-års alder
- Konsultasjon hos helsesjukepleiar og lege ved 5-års alder (førskuleundersøking)
- Utleige av brystpumpe, enuresisapparat
På helsestasjonen kan de og få desse tenestane:
- Søvngrupper
- NBO (Newborn Behavioral Observation System)
- Utvida heimebesøk
- ICDP (International Child Development Program)
- COS (Circle Of Security Parenting)
- Barselsgruppe
Les meir om tiltak frå Helsestasjon – Barne og familietenesta
